Europakompetanse

Europakompetanse er informasjon og kunnskap om EU som har relevans for forvaltninga. Dette kurset eignar seg for nye tilsette som får EU/EØS-relaterte oppgåver. Kurset består av fem opplæringsfilmar. Desse kan kombinerast med deltaking på kurstilbod frå DFØ og EIPA – European Insititute of Public Administration. Du treng ikkje ha nokon førekunnskap for å ta kurset.

DFØ rår verksemda til å ha ein kompetanseplan for nye medarbeidarar som får EU/EØS-relaterte arbeidsoppgåver. Vi føreslår at det blir planlagt 45 minutt over to dagar i dei to første vekene til å sjå filmane, medarbeidar noterer læringspunkt og drøftar relevans til arbeidsoppgåver med leiar.

Medarbeidaren bør også melde seg på DFØ sine kurs, skrive ned læringspunkt og drøfte relevans med leiar i etterkant.

Har de fleire som arbeider med EU/EØS-saker, kan de lenkje til denne nettstaden på intranettet dykkar.

DFØs opplæringstilbod om Europakompetanse

Kurstilbod fra EIPA - European Institute of Public Administration

European Institute of Public Administration (EIPA) tilbyr også opplæring som tilsette i norsk statleg forvaltning kan delta på. Målgruppa er leiarar og saksbehandlarar som arbeider / skal arbeide med EU/EØS-saker i norsk statleg forvaltning. 

Opplæringsfilmar

Film 1: EU og Norge i EU

Film 2: Europakommisjonen

Film 3: Det europeiske råd og Europaparlamentet

Film 4: EØS og Norge i EØS

Film 5: Takt og tone