Statens standardavtalar er kontraktar som du kan bruke når du kjøper IT- og konsulenttenester. Guiden gjev ei rask innføring i dei ulike avtalane og kva avtalar som skal brukast på ulike anskaffingar. Guiden passar for alle tilsette i staten.
I guiden får du innføring i dei ulike avtalane du bør bruke når du skal anskaffe:
- ein konsulent
- IT-utstyr- og programvare
- utvikle eit IT-system
- IT som treng vedlikehald
- drift av eit IT-system
Du får også ei innføring i bruk av rammeavtalar.
Fakta om guiden
- Alle kan bruke kurset.
- Kurset krev pålogging.
- Kurset eignar seg godt som oppslagsverk.
- Avtalane er utarbeidde for offentleg sektor. Dagens versjonar av avtalane er utarbeidde av Difi med innspel frå både kunde- og leverandørsida, og er forsøkt balansert på best mogleg måte.
Tekniske krav for å kunne bruke guiden
Kurset fungerer på pc og mac, smarttelefonar og nettbrett som har ein nettlesar av nyare dato slik at han stør HTML 5.
Døme på nettlesarar er Microsoft Internet Explorer versjon 9 og nyare, Opera, Google Chrome og Apple Safari.
For verksemder med eige LMS
Offentlege verksemder som ønskjer det, kan laste opp nettkurset til eige LMS.
Inngå avtale og last ned SCORM-pakken
Learning Tools Interoperability (LTI)
Verksemder kan opprette ein LTI-forbindelse mellom kurset og eige LMS. Nødvendig informasjon for dette finnast i skjemaet under:
URL til informasjonskapsel (Cartridge URL) | https://kurs-laeringsplattformen.dfo.no/enrol/lti/cartridge.php/25/addf7eaee124cb22ab579e22b675e028/cartridge.xml |
Hemmelig streng (Shared secret) | mIwrjqvvJGJJNR5Wrr3wQtVY5UU16aSn |
Forbrukernøkkel (Consumer key) | DIFI EKSTERN |
RegistreringsURL | https://kurs-laeringsplattformen.dfo.no/enrol/lti/proxy.php/25/1010a9fca7a2d9aa4b852486df6defc9/ |
OppstartsURL | https://kurs-laeringsplattformen.dfo.no/enrol/lti/tool.php?id=25 |
ikke nok info
Fullstendig bortkastet tid
Kurset var informasjonsrikt. Man er selv selvstendig til å lese og teste seg selv underveis.